CLOCKSHIFT

Risikoen for brystkreft og epigenetiske effekter av natt-skiftarbeid og livsstil.

Brystkreftrisiko og epigenetiske effektar av nattarbeid og livsstil

Brystkreft utgjer 22,8% av alle krefttilfelle og er den vanlegaste kreftforma på verdsbasis (Globocan, 2008). Dei siste åra har den mogelege påverknaden av nattarbeid på kreftrisiko fått eit auka fokus over heile verda, både i forskingsmiljøa og elles. Ei aukande mengde prov tyder på ein samanheng mellom nattskiftarbeid og auka brystkreftrisiko. Mekanismane som kan liggje til grunn for denne samanhengen er framleis ikkje kjende.

Gjennom eit felles initiativ vil polske og norske forskarar undersøkje og teste ut mekanistiske hypotesar og adressere problemstillingar som kan vere relevante for brystkreftutvikling hos kvinner som arbeider nattskift. Det primære forskingsfokuset vil vere å undersøkje samanhengen mellom nattskiftarbeid og brystkreftrisiko, samt undersøkje epigenetiske endringar kytt til nattskiftarbeid.

Ein viktig epigenetisk mekanisme er endring i nivået av 5-metylcytosin i promoterområda til gen. Endringar i metyleringsnivået kan ha påverknad på uttrykket til genet og ein kan ofte finne slike endringar i kreftceller. Eit av fokusa til dette prosjektet vil vere å analysere metyleringsstatus i promoterområda til døgnrytmegen, gen for østrogen- og progesteronreseptorar, cellesyklus- og krefthemmande gen og gen for melatoninreseptorar. Data og biologiske prøver frå to epidemiologiske studiar vil verte nytta. Den første er ein kasus-kontrollstudie av sjukepleiarar i Noreg medan den andre er ein tverrsnittstudie av sjukepleiarar og jordmødrer i Polen. I den norske studien vil metyleringsnivået i DNA frå brystkreftpasientar verte samanlikna med DNA frå friske kontrollar. Her vil assosiasjonar mellom livsstilsfaktorar (alkoholforbruk, røyking, fysisk aktivitet og søvnmangel) og metyleringsnivået til krefthemmande gen verte undersøkt. I begge studiane vil effekten nattskiftarbeid har på epigenetiske endringar verte analysert. Ettersom det er mogeleg å førebygge nokre epigenetiske hendingar, kan resultata frå desse studiane føre til nye strategiar for kreftførebygging.

 

 

 

Kontakt oss

Tlf. (+48) 042 631 45 68
91-348 Łódź, ul. Św. Teresy 8

e-post: impx@imp.lodz.pl
www.imp.lodz.pl