CLOCKSHIFT

Risikoen for brystkreft og epigenetiske effekter av natt-skiftarbeid og livsstil.

WP1

Metyleringsstatus til sentrale cirkadiske gen og tumorsuppressorgen  i ein tverrsnittstudie av polske sjukepleiarar og jordmødrer

Prosjektleiar: Edyta Reszeka (Nofer Institute of Occupational Medicine, NIOM)

Målet med WP1 er å undersøkje om nattskiftarbeid kan ha påverknad på metyleringsmønsteret til utvalde døgnrytmegen (PER1, PER2, PER3, BMAL1. CLOCK, CRY1, CRY2, NPAS2) eller cellesyklusregulerande gen (TP53, CDKN1A, CDKN2A, RB1, BRCA1, BRCA2). Epigenetiske analyser vil verte utført på DNA-prøver samla inn gjennom ein polsk tverrsnittstudie (for meir informasjon sjå ”Studiepopulasjonar og materiale”). Analysane vert gjennomførte ved hjelp av fluorescensbasert, kvantitativ qMS-PCR og kommersielle ELISA kits. Metyleringsnivå vert rekna ut relativt til kontroll-DNA og uttrykt som ein prosent av metylert DNA. Dette arbeidet vert utførd ved NIOM.