CLOCKSHIFT

Risikoen for brystkreft og epigenetiske effekter av natt-skiftarbeid og livsstil.

WP2

Epigenetiske endringar i sentrale cirkadiske gen, gen for melatoninreseptorar og gen for kvinnelege hormonreseptorar, og risiko for brystkreft bland norske sjukepleiarar

Prosjektleiar: Shanbeh Zienolddiny (Statens arbeidsmiljøinstitutt, STAMI)

Målet med WP2 er å undersøkje om det finst forskjellar mellom brystkreftpasientar og friske kontrollar med tanke på metyleringsmønsteret til utvalde døgnrytmegen (PER1, PER2, BMAL1, CLOCK, CRY1), gen for melatoninreseptorar (MTNR1A, MTNR1B), og gen for kvinnelege kjønnshormonreseptorar (ER-a, ER-b, PR). Eit sekundært mål er å studere effekten av nokre polymorfiar i gen som kan vere assosiert med brystkreftrisiko. Analysane vil nytte DNA-prøver frå ein norsk kasus-kontrollstudie (for meir info sjå ”Studiepopulasjonar og materiale”) og vil verte utførd ved STAMI.