CLOCKSHIFT

Risikoen for brystkreft og epigenetiske effekter av natt-skiftarbeid og livsstil.

WP3

Nattskiftarbeid, livsstilfaktorar og metyleringsstatus i utvalde gen involvert i brystkreftutvikling

Prosjektleiar: Weronika Burdelak (Nofer Institute of Occupational Medicine, NIOM)

Målet med WP3 er å undersøkje samanhengen mellom nattarbeid, søvnmønster (med kronotype som ein potensielt modifiserande faktor), utvalde kosthaldsfaktorar (folatinntak), overvekt, alkoholforbruk, røyking, fysisk aktivitet og søvnmangel, og metyleringsmønsteret til utvalte cellesyklusregulerande gen (TP53, CDKN1A, CDKN2A, RB1, BRCA1, BRCA2). Demografiske data vert henta frå ein polske tverrsnittstudien der 725 sjukepleiarar og jordmødrer deltok (for meir info sjå ”Studiepopulasjonar og materiale”). Desse dataa vil verte analysert i forhold til epigenetiske endringar i gena TP53, CDKN1A, CDKN2A, RB1, BRCA1, BRCA2. Epidemiologiske og molekylære analysar vil verte utført ved NIOM.