CLOCKSHIFT

Risikoen for brystkreft og epigenetiske effekter av natt-skiftarbeid og livsstil.

Finansiering

Prosjektet vert finansiert gjennom EØS-midlar forvalta av Noregs forskingsråd.

Fordelinga av EØS-midlar til Polen i programperioden 2009-2014 inneber store beløp til karbonfangst og –lagring (CCS), miljøovervaking og biodiversitet, fornybar energi og energiøkonomisering, helse, justissamarbeid, kulturarv og kulturutveksling, og frivillige organisasjonar. Nær halvparten av bidraget, i underkant av 2 milliardar kroner, vil gå til grøne prosjekt og program.

EØS-finansieringsordningane (EEA) vart oppretta då EØS vart utvida med 10 nye land i mai 2004 (Polen, Ungarn, Tsjekkia, Slovakia, Litauen, Latvia, Estland, Slovenia, Kypros og Malta). Ordninga vart utvida i 2007 til å omfatte Romania og Bulgaria.