CLOCKSHIFT

Risikoen for brystkreft og epigenetiske effekter av natt-skiftarbeid og livsstil.

Mål

Dei spesifikke måla for prosjektet er:

1. Å undersøkje om nattarbeid har ein epigenetisk effekt på metyleringsmønsteret til utvalde døgnrytmegen (PER1, PER2, PER3, BMAL1, CLOCK, CRY1, CRY2, NPAS2) og cellesyklusregulerande gen (TP53, CDKN1A, CDKN2A, RB1, BRCA1, BRCA2).

2. Å undersøkje om det finst skilnadar mellom brystkreftpasientar og friske kontrollar når det gjeld metyleringsmønsteret til utvalde cirkadiske gen (PER1, PER2, BMAL1, CLOCK, CRY1), gen for melatoninreseptorar (MTNR1A, MTNR1B), og gen for kjønnshormonreseptorar (ER-a, ER-b, PR).

3. Å undersøkje samanhengen mellom nattskiftarbeid, søvnmønster (med kronotype som ein potensiell medverkande faktor), utvalde livsstilsfaktorar (folatinntak , overvekt, alkoholforbruk, røyking, fysisk aktivitet) og metyleringsmønsteret til utvalde cellesyklusregulerande gen (TP53, CDKN1A, CDKN2A, RB1, BRCA1, BRCA2).

4. Å undersøkje samanhengen mellom nattarskiftbeid og hormonkonsentrasjonar (østradiol, testosteron og DHEAS) og samanhengen mellom hormonkonsentrasjonar og metyleringsmønstera i promoterområde til utvalde døgnrytmegen (PER1, PER2, PER3, BMAL1, CLOCK, CRY1, CRY2, NPAS2).