CLOCKSHIFT

Risikoen for brystkreft og epigenetiske effekter av natt-skiftarbeid og livsstil.

Initiativtakar og koordinator av prosjektet

Initiativtakar til dette prosjektet er Nofer Institute of Occupational Medicine (NIOM), Lodz, Polen.

NIOM er eit stort institutt (400 heiltidstilsette fordelt på 15 avdelingar, inkludert tre klinikkar) oppretta i 1957. Instituttet har eit nært samarbeid med Verdas Helseorganisasjon (WHO) og har sidan 1976 vore eit WHO-samarbeidssenter for arbeidshelse. Instituttet har også tilknytingar til mange internasjonale institusjonar: ICOH, EDICHEM, IARC, EUROTOX, ACGIH, EUPHA, ASPHER, EASOM, IUPAC, Universitetet i Iowa, Universitetet i New York i Albany, National Cancer Institute.

NIOM er klassifisert av Det Polske Departementet for Vitskap og Høgare Utdanning som ein vitskapleg institusjon av første klasse. Instituttet har koordinert EUs arbeid (FP6/FP7) med Network of Excellence som består av 25 partnarar frå 14 europeiske land (ECNIS/ECNIS2 (2005-2013).

Ein stor del av den planlagde forskinga vil verte gjennomført ved Avdeling for arbeidsepidemiologi. Avdelinga har gjennomført epidemiologiske studiar på helseeffektar av ulike miljøfaktorar, inkludert arbeidsmiljøfaktorar og genetiske faktorar, som kan føre til kreft. Avdelinga har tatt del i fleire multinasjonale prosjekt som omhandlar kreft eller yrkeseksponering for kreftframkallande faktorar, blant andre IARC-koordinerte prosjekt om lunge- og nyrekreft, NCI-finansierte prosjekt om bryst-, livmor- og eggstokkreft, og eit FP5-støtta prosjekt om eksponeringsvurdering i gummiindustrien (ExAsRub).

niom