CLOCKSHIFT

Risikoen for brystkreft og epigenetiske effekter av natt-skiftarbeid og livsstil.

Prosjektpartnarar

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det nasjonale forskingsinstituttet for arbeid og helse i Noreg. STAMI medverkar gjennom kvalitetssikra vitskapleg forsking og publisering til å kasta lys over samanhengen mellom arbeid og helse. Forutan høg deltaking i internasjonale forskingsnettverk, tek STAMI del i ei rekkje samarbeid på nasjonalt nivå.
Avdeling for kjemisk og biologisk arbeidsmiljø (KBA) arbeider med kartlegging og identifisering av kjemiske og biologiske forureiningar i arbeidsmiljøet som kan føre til ein helserisiko for arbeidstakarane, samt studiar av mekanismane for korleis skadar skjer. Avdelinga sine aktivitetar er fordelt mellom forsking, utreiing, og tenesteyting.
Avdeling for arbeidsmedisin og epidemiologi (AME) har som hovudfokus å kartleggje mogelege samanhengar mellom arbeidsmiljø og sjukdom. Avdelinga gjennomfører forskingsprosjekt innanfor reproduksjon og kreft, mogelege skadar på nervesystemet, lunge/luftvegar og konsekvensar av ulike arbeidsordningar. Dei seinare år har det vorte sett i gang fleire store prosjekt knytt til inkluderande arbeidsliv og førekomst av arbeidsrelaterte helseplager blant Noregs innbyggjarar.

STAMI nowe logo norweskie

 

Kreftregistereti Noreg er eit av dei eldste nasjonale kreftregistera i verda. Dette, kombinert med eit unikt personnummersystem i Noreg, gjer Kreftregisteret sitt materiale særleg godt eigna til å etablere ny kunnskap gjennom forsking og til å spreie kunnskap om kreftsjukdom, også i eit internasjonalt perspektiv. Kreftregisteret er ansvarleg for nasjonale screening-program, blant anna mammografiprogrammet og masseundersøkinga mot livmorhalskreft.

 norwegian cancer registry