CLOCKSHIFT

Risikoen for brystkreft og epigenetiske effekter av natt-skiftarbeid og livsstil.

Norsk kasus-kontrollstudie

I 2004 vart det, med bakgrunn i opplysingar frå Helsetilsynet sitt register over sjukepleiarar, etablert ein kohort av 49402 kvinnelege sjukepleiarar som vart uteksaminert mellom 1914 og 1985. Ein intervjubasert kasus-kontrollstudie av 1182 kvinner vart starta innafor denne kohorten (for detaljer sjå Lie et al. 2011). Kvinner, i alderen 35-74 år, som vart diagnostisert med histologisk stadfesta brystkreft mellom 1990 og 2007 og var i live i februar 2009 vart inkludert i studien. Alle kvinnene hadde arbeidd som sjukepleiar i minst eitt år og gav samtykke til å verte intervjua. Friske sjukepleiarar vart rekruttert som kontrollar. Spyttprøver vart samla inn frå totalt 563 forsøkspersonar og 619 friske kontrollar og DNA vart isolert frå desse prøvene.