CLOCKSHIFT

Risikoen for brystkreft og epigenetiske effekter av natt-skiftarbeid og livsstil.

Polsk tverrsnittstudie

Sjukepleiarar frå det lokale registeret over sjukepleiarar og jordmødrer i Lodz vart vald ut til å ta del i ein polsk tverrsnittstudie. Kvinner mellom 40 og 60 år som var i arbeid då datainnsamlinga fann stad kvalifiserte til studien. 725 kvinner (84% av dei spurde) ønskte å ta del i studien, av desse arbeidde 354 roterande nattskift og 371 arbeidde dagtid (for detaljer sjå Peplonska et al. 2002).
Eit strukturert spørjeskjema vart delt ut under intervju med kvinnene. Opplysingar om yrkeshistorie og potensielle medverkande faktorar (konfoundere) vart samla inn. Vekt, høgde, og hofte- og midjeomkrets vart målt. 705 kvinner gav blodprøver og DNA vart isolert frå desse prøvene. Informasjonen om yrkeshistorie inneheldt opplysningar om noverande og tidligare arbeid utførd  minst eit halvt år tilbake i tid. I tillegg samla ein inn opplysingar om søvn og arbeid ved hjelp av dagboksnotat.